Vannlinse, 1861Sutton panoramakamera

St.prp. nr. 56
(1993-94)

Skiping av eit nasjonalt fotomuseum

Tilråding frå Kulturdepartementet 27. mai 1994, godkjend i statsråd same dagen.
(Klikk her for utskriftsvennlig versjon)


Bakgrunn og siktemål

Det moderne fotografiet har røtene sine i ei oppfinning som fann stad for meir enn 150 år sidan. Seinare har ein straum av teknologiske nyvinningar innanfor dette feltet medverka til å gjera fotografiet til eit sentralt kulturfenomen med implikasjonar på ei rekkje område.

Den rolla som koparstikk og xylografi tidlegare spela som grunnlag for illustrasjonar i bøker, magasin, aviser, reklameprent m.m., vart i løpet av kort tid overteken av fotografiet, og kombinert med utviklinga innanfor grafisk teknikk har fotografiet fått meir og meir å seia for utforminga av slike allment utbreidde dokument. I ulike spesialvariantar er fotografiet eit viktig dokumentasjonsmedium innanfor vitskap og forsking, jf. t.d. bruken av røntgen og mikrofotografering innanfor medisin og for kvalitetssikring av industriprodukt, fly- eller satellittfotografering innanfor kartografi, miljøkontroll eller militær overvaking.

Medan det private familiealbumet tidlegare var fylt med portrett- og gruppebilete tekne av (og ofte i atelieret hjå) ein fagfotograf, vert det no dominert av amatørbilete fotograferte av nær sagt kven som helst, når som helst og av kva som helst. Fotografiet er, og har i fleire generasjonar vore, ein del av folkekulturen.

Like viktig er det at Fotografiet er ei sjølvstendig kunstnarleg uttrykksform med lange tradisjonar særleg internasjonalt, men og i vårt eige land, jamvel om dette i liten grad har vorte formidla gjennom dei sentrale kunstin-stitusjonane våre. Fotografiet som kunstform byggjer på ein særeigen teknikk og har dess-utan eit eige formspråk og innhald. Innanfor visse genrar overtok fotografiet ein stor del av den rolla målarkunsten tidlegare hadde spela (t.d. portrettkunst), og det har dessutan vore hevda at utbreiinga av Fotografiet påverka den retninga biletkunsten tok mot slutten av førre hundreåret. I vår tid er fotografi, i tillegg til å vera ei sjølvstendig kunstform, eit viktig element i multimediekunst.

Ei fullgod forståing av fotografiet og kva dette har hatt å seia innanfor ulike område, krev eit parallelt innsyn i dei teknologiske utviklingslinene som har danna grunnlaget for dei fotografiske sluttprodukta. Det dreier seg om optikk, kjemi, mekanikk, elektronikk og mykje anna manifestert i kamera og lyssetjingsutstyr, framkallings- og kopieringsutstyr, film- og papirkvalitetar m.m.

Ingen norske museum eller andre kulturinstitusjonar tek i dag eit samla ansvar for dokumentasjon og formidling av fotografiet, korkje historisk eller som fenomen i samtida.

Mange kulturhistoriske museum, bibliotek og arkivinstitusjonar har viktige samlingar av eldre norske fotografi, men det dreier seg i all hovudsak om fotografiet som kulturhistorisk kjeldemateriale. Materialet vert brukt som illustrasjonar i ymse publikasjonar eller som lekk i utstillingar for å syna bruken av klede, verkty eller reiskap, sosiale hendingar eller fenomen, (lokal)historiske personar e.a.

Norsk Teknisk Museum har ein del historisk fototeknisk utstyr. Materialet inngår her i ein breiare teknologihistorisk samanheng, men utan at det vert fokusert inngåande på tilhøvet mellom teknikk og sluttprodukt og dei kulturhistoriske rammene som dette høyrer heime i. Samlingane er heller ikkje omfattande nok for ein detaljert presentasjon av den fototekniske soga.

Både Museet for samtidskunst, Henie-Onstad Kunstsenter og nokre andre kunstmuseum har fotografi i samlingane sine, men i formidlingssamanheng har kunstmusea i liten grad konsentrert seg om fotografi, dvs. at denne ytringsforma har kome i skuggen av måleri, grafikk og skulptur. Med stønad frå Norsk kulturråd laga Forbundet Frie Fotografer i 1992 ei utgreiing om kunstnarleg fotografi der det vart tilrådd å skipa eit museum tufta på tanken om «fotografiets egenverdi, fotografi som estetisk kreativt uttrykk». Dei viktigaste oppgåvene for eit slikt museum skulle vera å synleggjera den biletestetiske utviklinga av fotografiet og stimulera til fotohistorisk forsking.

I høyringsfråsegnene til denne utgreiinga vart det frå fleire hald teke til orde for å gje eit fotomuseum eit breiare funksjonsområde, dvs. at det i tillegg til fotografiet som kunst òg skulle dekka kulturhistoriske og tekniske sider ved fotosoga. Mange høyringsinstansar tilrådde å få undersøkt om det kunne vera råd å skipa eit slikt museum gjennom ei statleg overtaking av det private Preus Fotomuseum. Desse synsmåtane fekk same året òg tilslutnad i utgreiinga «Fotografi. Fortid og fremtid. Plan for vern av fotografier» frå ei arbeidsgruppe for fotobevaring oppnemnd av Norsk kulturråd.

I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det peika på følgjande:
«Fotografiets betydning som selvstendig kunstnerisk medium har vunnet økt forståelse og respekt. De fleste land i den vestlige verden har fotografiske museer som ivaretar både den fotografiske arven og den estetiske tradisjon som fotografiet representerer. De formidler de kunstneriske og kulturelle verdiene i form av utstillinger, bøker og forskningsrapporter. Norge har ikke noe offentlig drevet museum på dette feltet. Vi har i dag et sekretariat for fotoregistrering, mens de kulturhistoriske museene og bibliotekene har hovedansvaret for den fotografiske arven. Museet for samtidskunst skal som en av sine mange oppgaver kjøpe inn og vise samtidsfotografi. Preus fotomuseum i Horten bygger på en større privat samling og er internasjonalt anerkjent, men har fra begynnelsen klart tatt utgangspunkt i fotografiets billedhistoriske utvikling.»

Etter at kulturmeldinga vart lagd fram, har Kulturdepartementet arbeidd vidare med saka og kome til at det vil vera naturleg å skipa eit eige museum med eit breitt og samla dokumentasjons- og formidlingsansvar for fotografiet både som historisk kulturytring og som samtidsfenomen - eit museum som i til-legg til faste og temporære utstillingar skipar til vandreutstillingar og yter fagleg hjelp til andre kulturinstitusjonar som vil formidla fotografi, fototeknologi m.m.

I innstillinga frå Kyrkje- og undervisningsnemnda om kulturmeldinga, Innst. S. nr. 115 (1992-93), avgjeven 25. mars 1993 heitte det m.a.:
«Flertallet har også funnet det riktig at staten benytter seg av tilbudet om å overta Preus Fotomuseum , Horten, med sikte på å bruke dette som utgangspunkt for et nasjonalt fotomuseum med plassering i Horten, ...... Under den klare forutsetning at Kulturdepartementet kan bli enig med Preus Fotomuseum om en akseptabel pris, mener flertallet at staten snarest bør sikre de verdifulle gjenstander, fotografier m.v. som i dag er i museets eie og sørge for etablering av et nasjonalt fotomu-seum.»

Preus-samlinga

Preus Fotomuseum i Horten tilhøyrer bedrifta Preus Foto A/S. Samlinga er bygd opp av Leif Preus frå tidleg på 1970-talet. Museet har vore tilgjengeleg for publikum sidan 1976. Det femner i dag om ei hovudsamling på om lag 4.000 fotografi, om lag 2.000 kamera og andre fototekniske gjenstandar, eit bibliotek med til saman nærare 13.000 bøker og tidsskrift, og eit arkiv med om lag 43.000 dokument. Tilfanget i museet har i høg grad ein internasjonal karakter.
På oppdrag frå Kulturdepartementet gjorde leiaren for forskingsavdelinga ved det engelske National Museum of Photography Film & Television, Roger Taylor, i oktober 1993 ei museumsfagleg vurdering av samlinga. Han konstaterte at samlinga, som har ein europeisk og amerikansk karakter, dekkjer eit breitt spekter av fotosoga, jamvel om tyngdepunktet ligg i materiale frå førre og tidleg i dette hundreåret. Taylor la elles vekt på at samlinga hadde vorte oppbevart under gode fysiske tilhøve og såleis var i god stand.
Samspelet mellom dei ulike delane av samlinga framheva Taylor som ein av hovudkvalitetane. Dette ville gje grunnlag for eit framståande senter for utstillingar og forsking. Å ha kamera, fotografi, reklamemateriale, teknisk litteratur, instruksjonsmanualar o.a. ville gje grunnlag for å presentera mange fenomen frå idestadiet til det endelege resultatet. Det er uvanleg at eit slikt mangslunge tilfang finst samla under eitt tak, hevda Taylor.

Ved gjennomgåinga av dei ulike elementa i samlinga framheva Taylor særleg fotografia og biblioteket. Han konstaterte at fotosamlinga dekkjer heile spekteret av fotosoga frå oppfinninga fann stad til i dag, og at ho både er omfattande og representativ, jamvel om visse område er veikt representerte. Biblioteket omtala Taylor som eitt av dei mest omfattande og best organiserte i sitt slag. Berre ei handfull institusjonar i Europa og Amerika ville kunna visa fram eit tilsvarande fagbibliotek.

Auksjonsfirmaet Christies i London, som på oppdrag frå Kulturdepartementet har taksert Preus-samlinga, gav følgjande generelle omtale av museet:
«Preus-museet inneheld ei framifrå samling med viktige døme på fototeknologi og fotokunst kombinert med eit uvanleg omfattande bibliotek. Ingen andre private samlingar som vi kjenner til, kan måla seg i breidd og kvalitet. Samlinga har vorte bygd opp og forvalta særs profesjonelt, og det har vore lagt vinn på gode oppbevaringsvilkår. Det er vanskeleg å sjå føre seg oppbygginga av ei tilsvarande samling i dag, med di mykje viktig utstyr og eldre fotohistorisk litteratur sjeldan eller aldri vert bode fram for sal. Frambodet av slikt materiale avtek meir og meir.»

Lokalisering

Forsvarsdepartementet er innforstått med å setja i stand og stilla til rådvelde for eit nasjonalt fotomuseum 1.400 rutemeter i 4. høgda i Magasin A på marinestasjonen Karljohansvern i Horten. Bygningen er oppført i 1862, og er i god stand. Vegger og søyler er mura av tegl, og det er tale om uvanleg solide konstruksjonar. Etter ein del oppussingsarbeid vil lokala eigna seg overlag godt til føremålet.

Eit viktig moment er dessutan at Marinemuseet, som er ei avdeling av Forsvarsmuseet, held til i 2. høgda i same bygningen. Ei slik samlokalisering av det eksisterande Marinemuseet og eit nytt nasjonalt fotomuseum vil opna for samarbeid om både praktiske og faglege oppgåver, t.d. om publikumsretta tiltak, marknadsføring, vakthald eller konserveringsspørsmål.

Karljohansvern ligg fagert til og eignar seg godt til kulturføremål. Staden ligg nær ferjesambandet Moss-Horten som årleg fraktar meir enn ein million passasjerar. Horten er lett tilgjengeleg både med bil og tog/buss. Reisetida frå Oslo er om lag 75 minutt med bil og om lag 90 minutt med tog/buss.

Dersom eit nasjonalt fotomuseum vert plassert i Horten, har Borre kommune og Vestfold fylkeskommune sagt seg viljuge til å medverka med til saman 10 mill. kroner til gjennomføringa av eit slikt prosjekt, dvs. at dei nemnte instansane er innstilte på å dekka ein mindre del av kjøpesummen og dessutan kostnadene med å skipa til utstillingar og anna tilrettelegging for museumsdrift. Ein føresetnad frå fylkeskommunen og kommunen si side er likevel at staten skal ha det samla ansvaret for offentlege driftstilskot til fotomuseet.

Organisering og drift

Kulturdepartementet vil gjera nærare greie for drifta av det planlagde fotomuseet i budsjettproposisjonen for 1995. Vi legg til grunn at tiltaket fullt utbygd vil krevja eit årleg driftstilskot over statsbudsjettet på ein stad mellom 3 og 4 mill. kroner. Med tilvising til dei institusjonskategoriane som, med omsyn til fordeling av økonomisk ansvar mellom forvaltningsnivå, er definerte i St.meld. nr. 61 (1991--92) Kultur i tiden, legg vi til grunn at fotomuseet skal vera ein nasjonal institusjon. Dvs. at staten vil vera eineansvarleg for det årlege driftstilskotet til museet.

Med omsyn til organiseringa tykkjest det vera mest nærliggjande å skipa ei frittståande stifting som skal ha ansvar for drifta. Museet vil dermed driftsmessig verta organisert på line med t.d. Norsk Bergverksmuseum, Norsk Folkemuseum, Maihaugen m.fl. Organiseringa av museet dei første to - tre åra vil elles i stor grad verta prega av at det skal gjennomførast ein prosjektfase med oppbygging og utvikling av eit nytt, nasjonalt museum.

Tingingane og avtala med Preus

Etter ein del uformelle kontaktar fann det første forhandlingsmøtet mellom Preus Foto A/S og Kulturdepartementet stad i mai 1993. Etter råd frå National Museum of Photography Film & Television engasjerte Kulturdepartementet auksjonsfirmaet Christies i London til å taksera samlingane i Preus Fotomuseum. To medarbeidarar frå Christies arbeidde i fire dagar i oktober 1993 med å gå gjennom museumsmaterialet.

I samsvar med mandatet for takseringsoppdraget gjorde dei berre ei avgrensa gransking av einskildobjekt, men i brevet som følgde oversendinga av takstdokumentet presiserte dei at:
«Den velordna oppstillinga på kvar stad gjorde samlinga lett tilgjengeleg, og katalogane som var utarbeidde ved museet, var til stor hjelp. Vi kjenner oss difor trygge på at vi har gjennomført ei fullstendig kartlegging og taksering.»

Christies konklusjon er at eit såkalla lågt estimat for sal på auksjon vil vera om lag 30 mill. kroner.

Kulturdepartementet si vurdering av kva for vederlagssum staten kan inngå avtale med seljaren om, byggjer på denne taksten. Departementet har vidare hatt som utgangspunkt at staten ikkje kan betala meir for Preus-samlinga enn den summen Preus Foto A/S ville ha sete att med ved sal på annan måte.

På den eine sida må det takast omsyn til at seljaren ved å framby tilfanget på auksjon vil måtta betala ein viss prosent av tilslagssummane til auksjonsfirmaet, og i tillegg måtta dekka ein del andre kostnader. Dessutan syner auksjonsresultat at ein god del av dei frambodne objekta ofte ikkje finn kjøparar.

På den andre sida tilseier samanlikningar av såkalla lågt estimat i auksjonskatalogane med faktiske tilslagsprisar at dei sistnemnde i gjennomsnitt gjerne ligg ein god del høgare. Vidare må det takast omsyn til at sal på auksjon eller på annan måte i utlandet ikkje vil påføre seljaren plikt til å betala meirverdiavgift. Ved sal til staten eller andre kjøparar i Noreg vil slik plikt inntre.

Etter ei samla vurdering har Kulturdepartementet funne grunnlag for å inngå avtale - med atterhald om godkjenning i Stortinget - med Preus Foto A/S om statleg overtaking av Preus Fotomuseum for 46 mill. kroner periodisert slik at 19 mill. kroner skal betalast i 1994, 14 mill. kroner i 1995 og 13 mill. kroner i 1996. Av desse summane er det føresetnaden at Vestfold fylkeskommune og Borre kommune betaler til saman 3 mill. kroner i 1994 og 2 mill. kroner i 1995.

Avtala, jf. vedlegg, regulerer den statlege overtakinga av heile Preus-samlinga med fotografi, fototeknisk utstyr, bibliotek, arkiv, katalogar, inventar, utstyr m.m.

Det noverande museet, som driftseining eller juridisk person vert ikkje overteke, og plikter knytte til dette vil framleis kvila på seljaren. Unnatak frå dette er at den noverande bibliotekaren ved Preus fotomuseum får tilbod om stilling som bibliotekar, og Leif Preus får tilbod om å verta den første direktøren ved det nye museet.

I avtala er det teke inn ei føresegn om at Preus-samlinga skal haldast samla, men dette vil ikkje vera til hinder for at objekt vert lånte ut i samband med utstillingar, eller deponerte ved andre museum i samsvar med vanleg praksis.

Overtakingstidspunktet er sett til 1. januar 1995. Seljaren står føre drifta av museet fram til overtakinga.

Partane er elles samde om at museet etter den statlege overtakinga skal gjevast namnet "Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum."


Kulturdepartementet tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under på eit framlagt utkast til proposisjon til Stortinget om skiping av eit nasjonalt fotomuseum.


Vi HARALD
, Noregs Konge

gjer kunnig:

Stortinget vert bede om å gjera følgjande vedtak:

I

Kulturdepartementet kan inngå avtale med Preus Foto A/S om kjøp av Preus Fotomuseum for 46 mill. kroner, av dette 41 mill. kroner frå staten fordelt over tre år, og elles med dei vilkåra som går fram av proposisjonen.

II

På statsbudsjettet for 1994 vert det gjort følgjande endring:

Løyvinga under kap. 328 Museumsformål, post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast, vert auka med kr 16.000.000 frå kr 2.732.000 til kr 18.732.000.

Tilråding frå Kulturdepartementet ligg ved i avtrykk.



Vedlegg

AVTALE
mellom
Preus Foto A/S (Selger)
og
Den norske Stat v/Kulturdepartementet (Kjøper)

Det er i dag inngått følgende avtale mellom ovenstående parter:


1. Bakgrunn - Definisjoner

1.1 Selger har over en årrekke bygget opp Preus Fotomuseum med samlinger av fotografier, fototeknisk utstyr og annet materiale med tilknytning til fotohistorien, bibliotek, kataloger og arkiv, inventar og utstyr m.m. Preus Foto AS ønsker å selge, og Staten ønsker å overta Preus Fotomu-seum med det formål å etablere et nasjonalt fotomuseum med lokalisering til Horten.
1.2 I denne avtalen benyttes "Museet" som begrep på alt det som overdras, mens "Objektet/Objektene" benyttes som betegnelse på en eller flere enkeltgjenstan-der, rettigheter e.l.


2. Overdragelsens omfang

2.1 Selger overdrar til Kjøper Museet slik det i dag er i henhold til dokumentasjon overlevert fra Selger til Kjøper. Gjenstander, rettigheter m.v. som ikke er særskilt nevnt eller referert til, skal følge med i overdragelsen dersom de befinner seg i museets arealer og/eller på annen måte har naturlig tilknytning til museet og dets virksomhet, med mindre de er særskilt unntatt i henhold til punkt 2.2.
Selgers korrespondansearkiv vedrørende Museet, samt regnskapsmessige bilag for innkjøp til dette, overdras også til Kjøperen. Kjøperen er innforstått med at Selger er lovbestemt forpliktet til å oppbevare slike regnskapsbilag i en tidsperiode. Selger må således oppbevare disse regnskapsmessige dokumenter betryggende, samt gi Kjøper adgang til dokumentene, herunder rett til kopiering. Kostnadene til slik kopiering dekkes i så fall av Kjøperen. Når den lovbestemte periode er utløpt, overlates disse dokumenter vederlagsfritt til Kjøperen.

2.2 I vedlegg 1 til denne Avtalen er Objekter identifisert der særskilte forhold gjør seg gjeldende.

2.3
Museet overdras uten heftelser, rådighetsinnskrenkninger eller andre lignende forhold, med mindre slike er særskilt identifisert i vedlegg 1.

2.4 Det understrekes at Staten ikke overtar Museets virksomhet som sådan, idet enhver forpliktelse eller binding tilknyttet museumsdriften i sin helhet fortsatt henhører til Selger. Unntatt fra dette gjelder bibliotekar, der Kjøper påtar seg å tilby nåværende bibliotekar stilling som bibliotekar ved Museet fra 1. januar 1995. Selger påtar seg videre særskilt i perioden frem til overtakelsen å holde klare linjer forsåvidt i forhold til avtaleparter, finansieringsforbindelser, offentlige myndigheter m.v.

2.5 Museet er forutsatt å holdes samlet. Dette er ikke til hinder for at Objektene blir utlånt i forbindelse med utstillinger m.v., eller til hinder for deponering ved andre museer i samsvar med alminnelig praksis.


3. Vederlag

Kjøpesummen for samlingen er alt inklusiv fastsatt til kr. 46 000 000,- (førtiseksmillioner).
Kjøpesummen er fastsatt som et samlet beløp der partene har lagt vekt på samlingens elementer (tekniske objekter, bil-der, litteratur), den museale verdi samt forfallstidspunktene for vederlaget.


4. Forfall, sikkerhet

4.1 Vederlaget slik det er definert i punkt 3, skal betales i henhold til følgende betalingsplan:
1994 kr. 19 000 000,-
1995 kr. 14 000 000,-
1996 kr. 13 000 000,-

Utbetalingen i 1994 skjer en måned etter at endelig vedtak er fattet i Stortinget, Vestfold fylkesting og Borre kommunestyre. Utbetalingene i 1995 og 1996 skjer 20. januar i angjeldende år.
Forannevnte vederlag og forfallsplan er fastsatt i løpende kroner og det skal således ikke gjøres noen justering av beløpene.

4.2 Beløp innbetalt av Kjøper i henhold til denne betalingsplan forut for overtakelsen, jfr. nedenfor punkt 5, skal av Selger sikres med bankgaranti fra norsk bank. Slik bankgaranti skal av Selger være levert til Kjøper senest en måned før forfallstiden for innbetalingen.


5. Overtakelse, befaring, ansvar, leieperiode

5.1 Kjøper overtar Museet den 1. januar 1995.

5.2 Fra og med denne dato kl. 00.00 har Kjøper ansvaret og risikoen for Museet, mens ansvar og risiko forut for dette tidspunkt fullt ut påhviler Selgeren. Med samme tidspunkt som basis fastsettes et pro et contra oppgjør for løpende kostnader og inntekter som avregnes mellom partene senest 2 måneder etter overtakelsen.
Kjøper har rett til å være i lokalene frem til senest 30. juni 1995. For dette betales husleie med kr. 35.000,- pr. påbegynt måned. Denne husleien omfatter også lys og varme.

5.3 I løpet av de siste tre dager før overtagelsestidspunktet skal Kjøper og Selger sammen gjennomgå Museet og kontrollere at dette er i samsvar med punkt 2 i nærværende Avtale. Ved gjennomgangen skal man også kontrollere at Museet er i den stand det var ved avtaleinngåelsen, og at dette ikke er utsatt for skade eller forringelse utover hva som er en direkte følge av alminnelig slit og elde. Selger er således ansvarlig for enhver annen forringelse frem til overtakelsestidspunktet, med mindre slik forringelse skyldes Kjøper.

5.4 Er Museet ikke i samsvar med Avtalens krav, har Kjøperen, dersom avviket ikke er uvesentlig, rett til ensidig å erklære Avtalen for hevet. Selger skal i så fall tilbakebetale til Kjøper ethvert erlagt beløp under Avtalen, tillagt rente med 5% pro anno for den aktuelle periode.

5.5 Ved avvik, som er så små at Kjøper ikke er berettiget til å heve, eller i tilfeller der Kjøper velger å overta på tross av mangler som gir ham hevingsrett, skal Selger som prisavslag godtgjøre verdien av forringelsen eller mangelen.
Er forringelsen eller mangelen forsikringsmessig under Selgerens forsikringspolise, trer Kjøperen i disse tilfeller fullt ut inn i Selgerens krav mot forsikringsselskapet. Selger skal i så fall gi Kjøperen de fullmakter og autorisasjoner som er nødvendig for å følge saken. Kostnadene ved slik forsikringshåndtering dekkes av Kjøperen. Selgeren er ansvarlig for å betale til Kjøper de beløp han etter Avtalen hefter for, og som forsikringen faktisk ikke dekker. Dersom Museet blir tilnærmelsesvis totalt ødelagt før overtakelse, skal likevel Selger motta forsikringssummen, dog slik at Kjøper får refundert det han har betalt med 5% p.a. fra betalingstidspunktet.


6. Drift og forvaltning av museet

6.1 I perioden fra inngåelse av denne Avtalen og frem til overtakelse har Selgeren ansvaret og risikoen for drift av Museet, og Selger bærer selv alle kostnader forbundet med dette. Det er ønskelig for Kjøper at driften i perioden opprettholdes.

6.2 Selgeren har ansvaret for å opprettholde tilfredsstillende vedlikehold, vakthold og alt annet som er nødvendig for å opprettholde Museet frem til overtakelsen.
Ved skader, manko eller liknende i perioden frem til overtakelse skal dette umiddelbart meldes Kjøper.

6.3 Kjøper skal gis tilgang til Museet i overgangsperioden, dog slik at tidspunkter etc. avtales særskilt med Selgeren.

6.4 Selgeren er forpliktet til å holde Museet forsikret i perioden frem til overtakelsen.

6.5
Selgeren er i perioden fra undertegnelse av Avtalen og frem til overtakelsen ikke berettiget til å disponere over Museet eller enkelte Objekter uten skriftlig forhåndssamtykke fra Kjøperen.
Som disposisjon regnes enhver avtale eller lignende handling eller unnlatelse som kan medføre overdragelse av eller innskrenkning i eiendomsrett. Videre omfattes pantsettelser, utleie m.v. Denne bestemmelse medfører ingen innskrenkning i Selgerens normale drift i perioden. I tvilstilfeller skal Selgeren kontakte Kjøperen forut for disponering, og få Kjøperens uttalelse om det foreslåtte tiltak.


7. Skatter og avgifter

Hver av de to parter er for seg fullt ut ansvarlig for eventuelle skatter eller avgifter som måtte falle på dem i forbindelse med denne Avtalen.


8. Voldgift

8.1 Skulle partene bli uenig om noe forhold som går inn under denne Avtale eller tilhørende forhold, er partene enige om å søke uenigheten løst gjennom forhandlinger.

8.2
Fører forhandlinger i.h.t. pkt. 8.1 ikke frem, kan hver av partene med tre ukers skriftlig varsel forlange saken behandlet ved voldgift.
Når slikt krav om voldgiftsbehandling fremsettes, skal partene innen ytterligere tre uker bli enige om tre voldgiftsmenn som med endelig virkning skal løse tvisten. Av de tre voldgiftsmenn skal minst en være jurist, og denne skal være voldgiftsrettens formann.
Blir partene ikke enige om voldgiftsrettens sammensetning, oppnevnes samtlige tre medlemmer av førstelagmannen i Eidsivating Lagmannsrett.
Forøvrig gjelder Tvistemålslovens regler om voldgift.


9. Avtale med Leif Preus

I tillegg til denne avtalen inngås det en særskilt avtale med Leif Preus om ansettelse som direktør ved museet.


10. Navn

Partene er enige om at Museet etter overdragelsen skal gis navnet

"Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum".


11. Forbehold

Denne Avtales forbindtlighet er betinget av Stortingets godkjennelse. Videre er den betinget av endelig bevilgning i henholdsvis Vestfold fylkeskommune og Borre kommune av andel finansiering.
Oppnås ikke slik godkjennelse og/eller bevilgning, skal hver av partene gi tilbake til den annen part det de måtte ha mottatt fra den annen part under Avtalen. For øvrig bærer hver part sine egne kostnader.


Oslo, den 25. mai 1994

Den norske stat v/Kulturdepartementet

Preus Foto AS

Til toppen